Myllarguten oval.jpg

 

Myllargutfestivalen.no

Myllargutparken

vis-à-vis Norsjø Ferieland

3812 AKKERHAUGEN

 

 

 

INDEX

MYLLARGUT-FESTIVAN 2018

MYLLARGUTEN

MYLLARGUT-STUGO

Lars Fykerud

Haavard Giboen

Kristiane Lund

Bjarne Herrefoss

Torkjell Haugerud

Halvor Flatland

Knut Buen

Arve Tellefsen

Hauk Buen

Gjermund Haugen

Jørgen Tjønnstaul

Hallvard T. Bjørgun

Sigbjørn B. Osa

Johannes Sundsvalen

Per Anders Buen Garnås

Ottar Kåsa

Torgeir Straand

Anne Hytta

 

 

 

 

 

 

 

BJARNE HERREFOSS

 

TA200

Bjarne Herrefoss, spelemann frå Telemark, publikumsfavoritt på kappleiken med ei uslåeleg evne til å trollbinde.

Bjarne Herrefoss var fødd 15. februar 1931 på Brekke i Ytre Seljord (ved grensa til Bø), der han budde til han var 17 år, og han døydde 15. mai 2002. I vaksen alder budde Herrefoss ein lengre periode på Bø, og dei siste 30 åra hadde han Skafså i Tokke som heimstad. Etter folkeskulen arbeidde han i periodar som skogs-, anleggs- og industriarbeidar. I tillegg til å vere spelemann måla han bilete og skreiv dikt. Lite av det han skreiv, er publisert, men smakebitar finst i Olav Bøe sin biografi.

Herrefoss kom i lære hos Torkjell Haugerud i 13–14-årsalderen. Han kan likevel ikkje seiast å ha ført vidare ein bestemt tradisjon. Han debuterte på kappleik som 17-åring i 1948, og han kom til å bli ein uvanleg aktiv kappleikdeltakar lokalt og etter kvart nasjonalt. Han skal ha vore med på om lag 250 kappleikar, eit tal ingen andre kan visa til etter krigen, og han vann mellom 50 og 60 gonger. Han stilte første gongen i A-klassa på landskappleik i 1956 (3. plass), vann A-klassa i alt fire gonger: 1967 (delt med Odd Bakkerud), 1975, 1979 og 1991.

Den tradisjonsfrie spelemannen

Herrefoss var ein populær og karismatisk kappleikdeltakar og hadde ein trufast tilhengjarskare, ikkje berre takka vere framføringane hans under tevlingane, men òg dei mange spontankonsertane han kunne stelle i stand utanfor lokalet. Samstundes har spelet hans i periodar vore omdiskutert, og mange har meint at han ikkje følgde tradisjonslinene i tydeleg nok grad. Han har alltid stilt seg fritt til sjølve slåttestoffet, som han i få tilfelle lærte seg tone for tone, men heller omforma etter eige ønske. «Eg lærer spel, ikkje slåttar» er ei karakteristisk utsegn frå Herrefoss. Han spela jamvel same slåtten sjeldan heilt likt, og han hadde ei godt utvikla evne til å improvisere. Repertoar plukka han fritt frå ulike telemarkstradisjonar, men han hevda å setje slåttar etter Håvard Gibøen og Lars Fykerud særleg høgt. Stoff etter Myllarguten fann han mindre appellerande. Sentrale slåttar i repertoaret hans var «Fjellrosa», «Håvard Gibøens draum» og «Skuldalsbrura». Han komponerte eit fåtals slåttar sjølv.

Han gjorde om lag 200 opptak for NRK i perioden 1953–1990. I tillegg spela han inn to soloprosjekt i form av kassettane Bjarne Herrefoss, hardingfele (1979) og Draumespel (1990). I 1998 gav han saman med Knut Hamre og Hallvard T. Bjørgum ut CD-plata Toneflaum, der han framfører sju slåttar. Det var likevel framfor eit publikum at spelet til Herrefoss gneistra som mest.

Dei fine tonane

Herrefoss spela med uvanleg slakk boge, noko som kombinert med ei særeigen bogeføring med lange oppstrøk skapte ein spesiell tonekvalitet i spelet hans. I tillegg hadde han ein framifrå venstrehandsteknikk, der han kunne laga trillar med peikefingeren og veslefingeren parallelt, og dette gjorde det mogleg for han å prege stoffet sitt med ein uvanleg raffinert ornamentikk. Det finst òg innslag av naturtonalitet i spelet hans. Eit meir påfallande trekk var tendensen hans til å nynne medan han spela.

Herrefoss har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Kringkastingsprisen (1970), Tokke kommunes kulturpris (1983), Fykerudprisen (1988), Sagaprisen (1996) og Spelemannsprisen (2000) for Toneflaum. Han blei utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 2000. Fram til då hadde han ikkje vore fast tilknytt nokon musikarorganisasjon.

Hentet fra allkunne.

Hentet fra YouTube

Frå Vårlengts 25 årsjubileum 1985. Omtala i boka Dei fine tonane av Olav Bøe (Genius forlag skien) Filmet av Hans Solgaard.

 

Tilbake til startsiden

 

   Webmaster: Johannes Akkerhaugen