| Lars Fykerud 
     Lars Fykerud ble født 5. april 1860 i 
    Sauherad, Telemark, og døde 19. august 1902. Far til Lars Fykerud, Gamle-Hans, var spelemann, og mora 
    Torbjørg spelte sjøfløyte. Lars tok tidleg til å spele hardingfele, og tonar 
    frå heime og frå andre utøvarar i Sauherad og Bø gav godt grunnlag. Seinare 
    fekk han spel i Luraas-Gibøen-tradisjon av Knut Dahle i Tinn. Alt i smågutalder spelte Lars Fykerud i samverer. Snart 
    var han på marknader, t.d. Kongsberg-marknaden, og møtte spelemenn frå indre 
    Buskerud. Han vann fyrste kappleiken i Bø 1888. 1890 drog han til USA og 
    gjorde lukke med konsertar, men vart overfallen og rana og kom heim til 
    Noreg 1900 med knekt helse. Fykerud hadde næme øyro og god tame på fela og var like 
    hag på spel i gamal tonalitet med “blåtonar” som på slåttar i durskala. Til 
    den tid hadde spelemenn halde fela mot bringa og helst brukt korte, 
    heimelaga bogar. Lars Fykerud la fela under haka og spelte jamt med 
    fiolinboge; då fekk ein med seg fleire tonar i kvart strøk og større mål i 
    fela. Han likte å spele visetonar og bånsullar. Ved sida av Sjur 
    Helgeland frå Voss var Lars Fykerud føregangsmann for konsertmusikk og 
    runddansspel på hardingfele. Runddansspel (vals, reinlendar, polka, masurka) 
    lærde han i møte med dansemusikkulturen i byane. Konsertspel sette andre 
    krav til slåttar og framføring enn spel i dansesalen. Slåttane vart større, 
    ombygde og stundom frigjorde frå danserytme og fekk namn knytte til segn og 
    folketru. Mindre vellukka var “tonestykke” – eit slags programmusikk – helst 
    potpurri av folketonar ifletta kurauting og fuglekvitter; føredømet for 
    slikt avkom var vel “Sæterbesøget” av Ole Bull. Det meste av runddansspel og 
    tonestykke etter Fykerud gjekk i gløymeboka. Det var det “gamle” spelet, gangar og springar, Lars 
    Fykerud gav slik livskraft. Han spelte slåttane på si eiga vis, skøytte på 
    dei og fylte ut med nye vek (delar med eige tematisk innhald) og brigda og 
    krota til tonelina på ymse måtar. Springarane ligg i god danserytme, 
    gangarane kan vera rytmisk friare. Han heldt seg visst ikkje jamt til ei 
    form, men brigda også eigne utformingar, så former av same slåtten i 
    Fykerud-tradisjon kan vera svært ulike kvarandre. Me veit ikkje med reine tal kor mange slåttar det kan leva 
    i tradisjonen etter Lars Fykerud. Av dei som er mest nytta no, har han nok 
    sett varande merke på m.a. Duft, Kjempehallingen, 
    Vårlengt, Rosa, Sevlen, som er gangarar/hallingar, og 
    springarane Livius Smitts minne, Markensmåndagen/Urjen,
    Fykeruden og Fjellrosa. Ingen av desse slåttane tykkjest 
    han ha nyskapt frå botnen av. Fanitullen, ein gamal 
    halling, spela på trollstemd fele (A-e-a-ciss), kjend i dei fleste 
    hardingfelebygder, gjorde Lars Fykerud til ein programmatisk lydarslått. Han 
    fylte ut med rytmisk frie innleiingsvek, og den opphavlege hallingen vart 
    til den dramatiske slutten. Denne forma av slåtten var vanleg mellom 
    konsertspelemenn frå 1900 og frametter. Duft (6/8 takt) byggjer på 
    slåtteemne frå Telemark, Numedal og Hallingdal. I Rosa (2/4 takt) 
    ser det ut til at han gjekk ut frå eit slåttestev, “Sud-Sauar-Jon”, eller 
    frå ein gangar som Myllarguten hadde stelt til over same temaet. No kjenner 
    me slåtten i to hovudutformingar: den Gunnulf Borgen spelte inn er framførd 
    som ein danseslått, medan forma etter Svein Løndal er friare i rytme og har 
    nokre “føretak” som minner om bånsull eller visetone. Dei to fyrste veka i
    Livius Smitts minne (eller Fykerudens minne) kan vera frå 
    Krødsherad – etter Ola Kleiva (Gamle-Kleven), som kalla slåtten Prøva. Denne 
    bolken, to ristetakvek i hilmestil (etter spelemannen Jørn Hilme), let Lars 
    Fykerud stå ubrigda; so skøytte han på nokre rolegare vek, og slåtten feller 
    seg godt inn i telestilen. Markensmåndagen/Urjen byggjer på eit par 
    springarar som han hadde frå far sin. Markensmåndagen har ein i dag etter 
    Svein Løndal, og enno meir storbygd i opptak med Gunnulf Borgen. Kor mykje 
    dei la til av sitt eige, skal vera usagt, men båe hadde slåtten beinveges 
    frå Lars Fykerud. Fykerud fekk næme læregutar, som evla å gje 
    desse store og vanskelege slåttane vengjefang, og det var eit aktivt miljø 
    kring han. Særleg velkomen var han i spelemannsheimen på storgarden Borgja i 
    Bø med Halvor Borgen og sønene Halvor og Gunnulf. I Tuddal kom 
    fykerudslåttane i gode hender hjå Svein Løndal og sønene Olav, Kjetil og 
    Einar. Frå dei gjekk spelet m.a. til Hauk og Knut Buen. Hentet fra Norsk Biografisk Leksikon. 
     Lars Fykerud - skulpturen er laget av 
    Knut H. Odden 
     
    På plaketten står der bl.a.: 
     
                         
    Denne steinen er fra dansarberget ved Innleggen i Hjuksebø. 
     
                         
    Her satt Lars Fykerud ofte og spela som ung spelemann.  
                         
    Steinen er flytta hit til Kommunehusparken på Akkerhaugen  
                        
    
    til minne om meisterspelemannen. 
      
    
    
     
    Reinlender etter Lars Fykerud 
( hentet fra YouTube ) 
      
    
    Tilbake til startsiden 
           |